Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 10:26-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. For jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til.

27. Om ein av dei som ikkje trur, bed dykk heim til seg, og de gjerne vil koma, så et med godt samvit alt som blir sett fram for dykk, utan å spørja kva det er.

28. Men seier nokon til dykk: «Dette er offerkjøt», så et det ikkje – for hans skuld som sa det, og for samvitet skuld.

29. Og då meiner eg hans samvit, ikkje ditt. For kvifor skal min fridom dømmast av samvitet til ein annan?

30. Om eg tek imot dette med takk, kvifor skal eg då klandrast for det som eg takkar Gud for?

31. Men anten de et eller drikk, eller kva de gjer, så gjer det alt til Guds ære!

Les hele kapitlet 1. Korintar 10