Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 10:20-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha fellesskap med vonde ånder.

21. De kan ikkje drikka både Herrens beger og begeret til vonde ånder. De kan ikkje vera med både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder.

22. Eller vågar vi vekkja Herrens harme? Er vi sterkare enn han?

23. Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp.

24. Ingen må søkja sitt eige beste, men det som er best for den andre.

25. Alt som blir selt på torget, kan de eta med godt samvit utan å spørja om det er offerkjøt.

26. For jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til.

27. Om ein av dei som ikkje trur, bed dykk heim til seg, og de gjerne vil koma, så et med godt samvit alt som blir sett fram for dykk, utan å spørja kva det er.

28. Men seier nokon til dykk: «Dette er offerkjøt», så et det ikkje – for hans skuld som sa det, og for samvitet skuld.

Les hele kapitlet 1. Korintar 10