Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 10:14-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Difor, mine kjære, hald dykk langt borte frå avgudsdyrkinga!

15. Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier!

16. Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp?

17. Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet.

18. Sjå på Israelsfolket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret?

19. Kva meiner eg med dette? At eit avgudsoffer har noko for seg, eller at ein avgud er noko?

20. Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha fellesskap med vonde ånder.

21. De kan ikkje drikka både Herrens beger og begeret til vonde ånder. De kan ikkje vera med både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder.

22. Eller vågar vi vekkja Herrens harme? Er vi sterkare enn han?

23. Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp.

24. Ingen må søkja sitt eige beste, men det som er best for den andre.

25. Alt som blir selt på torget, kan de eta med godt samvit utan å spørja om det er offerkjøt.

26. For jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til.

Les hele kapitlet 1. Korintar 10