1. Eg vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya og gjekk alle gjennom havet.
2. Alle vart døypte til Moses i skya og i havet,
3. og dei åt alle den same åndelege maten
4. og drakk alle den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som følgde dei, og berget var Kristus.