Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 1:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Han skal òg grunnfesta dykk til enden kjem, så de kan stå ulastelege på vår Herre Jesu Kristi dag.

9. Gud er trufast, han som har kalla dykk til fellesskap med sin Son, Jesus Kristus, vår Herre.

10. Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke.

11. For dei hos Kloe har fortalt meg, sysken, at det er strid mellom dykk.

12. Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», medan andre seier: «til Apollos», «til Kefas» eller «til Kristus».

13. Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?

14. Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon andre av dykk enn Krispus og Gaius,

15. så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn.

16. Rett nok har eg òg døypt Stefanas og alle heime hos han, men elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.

17. For Kristus har ikkje sendt meg ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og då ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal mista si kraft.

18. For ordet om krossen er dårskap for dei som går fortapt, men for oss som blir frelste, er det Guds kraft.

19. For det står skrive: Eg vil gjera ende på visdomen hos dei vise, og klokskapen hos dei kloke vil eg gjera til inkjes.

20. Kvar er så dei vise? Kvar er dei skriftlærde? Kvar er dei kloke hovuda i denne verda? Har ikkje Gud vist at visdomen i verda er dårskap?

21. For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna i hans visdom, då valde Gud å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.

Les hele kapitlet 1. Korintar 1