Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 1:19-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. For det står skrive: Eg vil gjera ende på visdomen hos dei vise, og klokskapen hos dei kloke vil eg gjera til inkjes.

20. Kvar er så dei vise? Kvar er dei skriftlærde? Kvar er dei kloke hovuda i denne verda? Har ikkje Gud vist at visdomen i verda er dårskap?

21. For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna i hans visdom, då valde Gud å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.

22. For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom,

23. men vi forkynner ein krossfest Kristus. Han er ein snublestein for jødar og ein dårskap for heidningar.

24. Men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom.

25. For Guds dårskap er visare enn menneske, og Guds veikskap er sterkare enn menneske.

26. Sjå berre kven de sjølve er, sysken, de som vart kalla: ikkje mange vise etter menneskelege mål og ikkje mange mektige eller av fornem slekt.

27. Men det som går for å vera dårskap i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skamme. Det som blir rekna som veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skamme.

28. Ja, det som står lågt i verda, det som blir sett ned på, det som ikkje er noko, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko,

29. for at ingen menneske skal ha noko å vera stolte av for Gud.

30. De er hans verk i Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing,

31. så den som er stolt, skal vera stolt av Herren, slik det står skrive.

Les hele kapitlet 1. Korintar 1