Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 1:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Paulus, som etter Guds vilje er kalla til Kristi Jesu apostel, og bror vår Sostenes

2. helsar Guds forsamling i Korint, de som er helga i Kristus Jesus og kalla til å vera heilage saman med alle som kvar på sin stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre:

3. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

4. Eg takkar alltid min Gud for dykk, for Guds nåde som er gjeven dykk i Kristus Jesus.

5. I han har de vorte rike på alt, på all lære og all kunnskap.

6. Så er òg vitnemålet om Kristus grunnfest mellom dykk,

7. så de ikkje manglar noka nådegåve medan de ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg.

8. Han skal òg grunnfesta dykk til enden kjem, så de kan stå ulastelege på vår Herre Jesu Kristi dag.

9. Gud er trufast, han som har kalla dykk til fellesskap med sin Son, Jesus Kristus, vår Herre.

10. Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke.

11. For dei hos Kloe har fortalt meg, sysken, at det er strid mellom dykk.

12. Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», medan andre seier: «til Apollos», «til Kefas» eller «til Kristus».

13. Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?

Les hele kapitlet 1. Korintar 1