Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 5:8-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.

9. Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.

10. Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i sitt indre. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til løgnar, fordi han ikkje har trudd Guds eige vitnemål om sin Son.

11. Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i hans Son.

12. Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

13. Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son.

14. Og denne frimodige tilliten har vi til han: at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje.

15. Og når vi veit at han høyrer oss, same kva vi bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.

Les hele kapitlet 1. Johannes 5