Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 5:13-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son.

14. Og denne frimodige tilliten har vi til han: at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje.

15. Og når vi veit at han høyrer oss, same kva vi bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.

16. Den som ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, skal be for han og slik gje han liv – så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd.

17. All urett er synd, men ikkje all synd fører til død.

18. Vi veit at kvar den som er fødd av Gud, ikkje syndar. For han som er fødd av Gud, vernar han, så den vonde ikkje kan koma til.

19. Vi veit at vi er av Gud, og at heile verda ligg i det vonde.

20. Og vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss forstand, så vi kjenner Den sanne. Vi er i Den sanne, vi som er i hans Son, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet.

21. Mine born, ta dykk i vare for dei falske gudane!

Les hele kapitlet 1. Johannes 5