Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 4:6-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Slik kan vi skilja sannings ånd frå villfarings ånd.

7. Mine kjære, lat oss elska kvarandre,for kjærleiken er frå Gud,og kvar den som elskar, er fødd av Gudog kjenner Gud.

8. Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,for Gud er kjærleik.

9. I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,at han sende sin einborne Son til verdaså vi skulle ha liv ved han.

10. Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,men at han har elska ossog sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.

11. Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.

Les hele kapitlet 1. Johannes 4