Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 4:5-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei.

6. Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Slik kan vi skilja sannings ånd frå villfarings ånd.

7. Mine kjære, lat oss elska kvarandre,for kjærleiken er frå Gud,og kvar den som elskar, er fødd av Gudog kjenner Gud.

8. Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,for Gud er kjærleik.

9. I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,at han sende sin einborne Son til verdaså vi skulle ha liv ved han.

10. Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,men at han har elska ossog sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.

11. Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.

12. Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.

13. At vi blir i han og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande.

14. Og vi har sett og vi vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda.

Les hele kapitlet 1. Johannes 4