Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 4:2-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. På dette kjenner de Guds Ånd: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud.

3. Men kvar ånd som ikkje vedkjenner Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og den ånda er alt no i verda.

4. Men de, mine born, er av Gud og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda.

5. Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei.

6. Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Slik kan vi skilja sannings ånd frå villfarings ånd.

7. Mine kjære, lat oss elska kvarandre,for kjærleiken er frå Gud,og kvar den som elskar, er fødd av Gudog kjenner Gud.

8. Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,for Gud er kjærleik.

9. I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,at han sende sin einborne Son til verdaså vi skulle ha liv ved han.

10. Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,men at han har elska ossog sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.

11. Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.

Les hele kapitlet 1. Johannes 4