Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 4:16-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trudd på den. Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han.

17. I dette har kjærleiken vorte fullenda hos oss, at vi har frimod på dommens dag. For som Kristus er, slik er vi i denne verda.

18. Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken.

19. Vi elskar fordi han elska oss først.

20. Den som seier: «Eg elskar Gud», men likevel hatar bror sin, er ein løgnar. For den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett.

21. Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må òg elska bror sin.

Les hele kapitlet 1. Johannes 4