Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 3:10-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Slik viser det seg kven som er Guds born, og kven som er djevelens born: Den som ikkje gjer det som er rett, og ikkje elskar bror sin, er ikkje av Gud.

11. For dette er den bodskapen de har høyrt frå første stund: Vi skal elska kvarandre.

12. Vi må ikkje vera som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

13. De må ikkje undra dykk, sysken, om verda hatar dykk.

14. Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, for vi elskar syskena våre. Den som ikkje elskar, er og blir i døden.

15. Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.

16. Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet sitt for oss. Så skyldar òg vi å gje livet for syskena våre.

17. Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjartet sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?

18. Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning!

19. Slik skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet.

20. For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt.

Les hele kapitlet 1. Johannes 3