Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 3:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born – ja, vi er det! Verda kjenner oss ikkje, fordi ho ikkje kjenner han.

2. Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er.

3. Kvar den som har dette håpet til han, reinsar seg, slik Kristus er rein.

4. Kvar den som gjer synd, gjer opprør mot lova, ja, synd er opprør mot lova.

5. Og de veit at han openberra seg for å bera bort syndene våre, og i han finst det inga synd.

6. Den som blir verande i han, syndar ikkje. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.

7. Mine born, lat ingen føra dykk vill! Den som gjer det som er rett, er rettferdig, slik Kristus er rettferdig.

8. Den som gjer synd, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg.

Les hele kapitlet 1. Johannes 3