Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 2:9-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Den som seier at han er i lyset, men hatar bror sin, er enno i mørkret.

10. Den som elskar bror sin, blir verande i lyset og fører ingen til fall.

11. Men den som hatar bror sin, er i mørkret og vandrar i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda auga hans.

12. Eg skriv til dykk, born,fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld.

13. Eg skriv til dykk, fedrar,fordi de kjenner han som er frå opphavet.Eg skriv til dykk, de unge,fordi de har vunne over den vonde.

14. Ja, eg har skrive til dykk, born,fordi de kjenner Far.Eg har skrive til dykk, fedrar,fordi de kjenner han som er frå opphavet.Eg har skrive til dykk, de unge,fordi de er sterke.Guds ord blir verande i dykk,og de har vunne over den vonde.

15. Elsk ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Far i seg.

16. For alt her i verda – lysta i kroppen, lysta som styrer auga, og skrytet av det ein eig – det er ikkje av Far, men av verda.

17. Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid.

18. Mine born, dette er den siste tida. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at no er den siste tida.

19. Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hos oss. Slik skulle det visa seg at ikkje alle er av oss.

20. Men de er alle salva av Den heilage og kjenner sanninga.

21. Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga løgn kjem frå sanninga.

22. Og kven er løgnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Antikrist er den som fornektar Faderen og Sonen.

23. Den som fornektar Sonen, har heller ikkje fellesskap med Faderen. Den som vedkjenner Sonen, har òg fellesskap med Faderen.

24. Lat det då bli verande i dykk, det de har høyrt frå først av. For dersom det blir verande i dykk, det de har høyrt frå først av, blir de òg verande i Sonen og i Faderen.

Les hele kapitlet 1. Johannes 2