Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 2:3-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Og på dette veit vi at vi kjenner han: at vi held boda hans.

4. Den som seier: «Eg kjenner han», men ikkje held boda hans, er ein løgnar, og sanninga er ikkje i han.

5. Men Guds kjærleik har i sanning vorte fullenda i den som held ordet hans. Av dette veit vi at vi er i han.

6. Den som seier: «Eg er i han», må leva som Jesus levde.

7. Mine kjære, eg skriv ikkje eit nytt bod til dykk, men eit gammalt bod som de har hatt frå første stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt.

8. Likevel er det eit nytt bod eg skriv til dykk, eit bod som er sant i han og i dykk. For mørkret vik bort, og det sanne lyset skin alt no.

9. Den som seier at han er i lyset, men hatar bror sin, er enno i mørkret.

10. Den som elskar bror sin, blir verande i lyset og fører ingen til fall.

11. Men den som hatar bror sin, er i mørkret og vandrar i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda auga hans.

12. Eg skriv til dykk, born,fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld.

13. Eg skriv til dykk, fedrar,fordi de kjenner han som er frå opphavet.Eg skriv til dykk, de unge,fordi de har vunne over den vonde.

14. Ja, eg har skrive til dykk, born,fordi de kjenner Far.Eg har skrive til dykk, fedrar,fordi de kjenner han som er frå opphavet.Eg har skrive til dykk, de unge,fordi de er sterke.Guds ord blir verande i dykk,og de har vunne over den vonde.

15. Elsk ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Far i seg.

16. For alt her i verda – lysta i kroppen, lysta som styrer auga, og skrytet av det ein eig – det er ikkje av Far, men av verda.

17. Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid.

18. Mine born, dette er den siste tida. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at no er den siste tida.

Les hele kapitlet 1. Johannes 2