Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 2:21-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga løgn kjem frå sanninga.

22. Og kven er løgnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Antikrist er den som fornektar Faderen og Sonen.

23. Den som fornektar Sonen, har heller ikkje fellesskap med Faderen. Den som vedkjenner Sonen, har òg fellesskap med Faderen.

24. Lat det då bli verande i dykk, det de har høyrt frå først av. For dersom det blir verande i dykk, det de har høyrt frå først av, blir de òg verande i Sonen og i Faderen.

25. Og dette er det han har lova oss: det evige livet.

26. Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vill.

27. Men den salven de har fått av han, blir verande i dykk, og de treng ikkje at nokon lærer dykk. For hans salve lærer dykk alt, og den er sann og utan løgn. Bli difor verande i han, slik de har lært.

28. Ja, born, bli verande i han! Då kan vi vera frimodige når Kristus openberrar seg, og ikkje bli bortviste med skam når han kjem att.

29. Når de veit at han er rettferdig, skjønar de at den som gjer det som er rett, er fødd av han.

Les hele kapitlet 1. Johannes 2