Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sefanja 3:8-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Difor, vent på meg,seier Herren,til den dagen eg står fram som vitne.For det er min rett å samla folkeslagog føra kongerike samanfor å ausa ut harmen min over dei,all min brennande vreide.For i elden frå min lidenskapskal heile jorda øydast.

9. Då vil eg atter gje folka eit reint tungemålså dei alle kan kalla på Herrens namnog tena han skulder ved skulder.

10. Frå landet bortanfor elvane i Kusjskal dotter mi, mitt spreidde folk som tilbed meg,koma til meg med offergåver.

11. Den dagen skal du ikkje skamma degover alle ugjerningane du gjorde mot meg.For då tek eg skrythalsane bort frå deg.Du skal ikkje meir vera stoltpå mitt heilage fjell.

12. Eg lèt det bli att hos degeit audmjukt og fattig folk.Dei skal ta si tilflukt til Herrens namn.

13. Dei som er att av Israel,gjer ingen urettog talar ikkje løgn,ingen svikefull tale finst i deira munn.Når dei går på beite, kviler dei trygt,ingen skremmer dei.

Les hele kapitlet Sefanja 3