Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sefanja 3:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ve den trassige, tilsølte byen,ho som undertrykkjer!

2. Ho lyder ingen,tek ikkje imot formaning,lit ikkje på Herren,held seg ikkje nær til sin Gud.

3. Hos henne er fyrstane som brølande løver,dommarane som ulvar om natta,dei sparer ingenting til det blir morgon.

4. Profetane er skrytande, trulause menn,prestane krenkjer det som er heilagt,dei gjer vald mot lova.

5. Herren rår med rettferd der,han gjer ikkje urett.Kvar morgon feller han sin dom,den manglar ikkje når dagen gryr.Men den som gjer urett, kjenner ikkje skam.

6. Eg har utrydda folkeslag,borgtårna deira ligg i grus.Eg har lagt gatene aude,ingen ferdast på dei.Byane deira er herja og folketomme,ingen bur der lenger.

7. Eg sa: «Berre du ville frykta megog ta imot formaning!»Då vart ikkje bustadene utrydda,all mi straff skulle ikkje råka byen.Men dei gjorde berre vondt, seint og tidleg,med alt dei gjorde.

8. Difor, vent på meg,seier Herren,til den dagen eg står fram som vitne.For det er min rett å samla folkeslagog føra kongerike samanfor å ausa ut harmen min over dei,all min brennande vreide.For i elden frå min lidenskapskal heile jorda øydast.

Les hele kapitlet Sefanja 3