Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 95:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kom, lat oss jubla for Herren,hylla vårt berg som frelser oss!

2. Lat oss gå fram for han med lovsong,hylla han med song og spel!

3. For Herren er ein stor Gud,ein stor konge over alle gudar.

4. Han har jord-djupnene i si handog fjelltoppane i eige.

5. Havet er hans, han har skapt det,hendene har forma det faste landet.

6. Kom, lat oss knela og kasta oss ned,bøya kne for Herren, vår skapar!

7. For han er vår Gud,vi er folket han gjeter,flokken i hans hand.Ville de berre høyra hans røyst i dag!

8. Gjer ikkje hjartet hardt som ved Meriba,som den dagen ved Massa i ørkenen,

9. då fedrane dykkar utfordra megog sette meg på prøve,endå dei såg kva eg gjorde!

Les hele kapitlet Salmane 95