Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 94:6-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Enkjer og innflyttarar drep dei,og farlause myrdar dei.

7. Dei seier: «Herren ser det ikkje,Jakobs Gud merkar det ikkje.»

8. De uforstandige i folket, merk dykk dette!Dårar, når skal de forstå?

9. Høyrer ikkje han som planta øyret,ser ikkje han som forma auget?

10. Refsar ikkje han som tuktar folka,han som gjev menneska kunnskap?

11. Herren kjenner tankane til menneska,han veit at dei er tomme.

12. Sæl er den du tuktar, Herre,den du underviser i di lov.

13. Du vil gje han ro utan vonde dagartil grava er graven for den lovlause.

14. Herren støyter ikkje frå seg sitt folkog forlèt ikkje sin eigedom.

15. Retten skal igjen bli rettferdig,og alle ærlege av hjartet skal leva etter den.

16. Kven står opp for meg mot valdsmenn,kven stig fram for meg mot dei som gjer urett?

17. Om ikkje Herren var min hjelpar,budde eg snart i det stille landet.

18. Om eg må seia: «Foten min er ustø»,så held di miskunn meg oppe, Herre.

Les hele kapitlet Salmane 94