Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 94:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herre, du er ein Gud som tek hemn.Stig fram i stråleglans, hemnens Gud!

2. Reis deg, du som dømmer jorda,lat dei hovmodige få det dei fortener!

3. Kor lenge, Herre?Kor lenge skal dei urettferdige jubla?

4. Dei talar ein straum av frekke ord,alle som gjer urett, skryter.

5. Dei knuser folket ditt, Herre,og kuar din eigedom.

6. Enkjer og innflyttarar drep dei,og farlause myrdar dei.

7. Dei seier: «Herren ser det ikkje,Jakobs Gud merkar det ikkje.»

8. De uforstandige i folket, merk dykk dette!Dårar, når skal de forstå?

9. Høyrer ikkje han som planta øyret,ser ikkje han som forma auget?

10. Refsar ikkje han som tuktar folka,han som gjev menneska kunnskap?

11. Herren kjenner tankane til menneska,han veit at dei er tomme.

12. Sæl er den du tuktar, Herre,den du underviser i di lov.

13. Du vil gje han ro utan vonde dagartil grava er graven for den lovlause.

14. Herren støyter ikkje frå seg sitt folkog forlèt ikkje sin eigedom.

15. Retten skal igjen bli rettferdig,og alle ærlege av hjartet skal leva etter den.

16. Kven står opp for meg mot valdsmenn,kven stig fram for meg mot dei som gjer urett?

Les hele kapitlet Salmane 94