Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 92:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein salme. Ein song for sabbatsdagen.

2. Det er godt å takka Herrenog lovsyngja ditt namn, du Høgste,

3. å kunngjera di miskunn om morgonen,din truskap om nettene,

4. til den tistrengja harpa,til linne tonar frå lyra.

5. Herre, du har gledd meg med ditt verk,eg jublar over det dine hender har gjort.

6. Kor store dine gjerningar er,kor djupe dine tankar, Herre!

7. Den uforstandige forstår ikkje dette,dåren skjønar det ikkje:

8. Dei urettferdige skyt opp som gras,alle som gjer urett, blømer,berre for å bli rydda ut for alltid.

9. Men du, Herre, er opphøgd til evig tid.

10. Dine fiendar, Herre,dine fiendar skal gå til grunne,alle som gjer urett, skal spreiast.

11. Du gjev meg kraft som ein villokseog salvar meg med den friskaste olje.

12. Eg kan følgja fienden med auga,eg kan høyra om valdsmenn som reiste seg mot meg.

13. Dei rettferdige skyt opp som palmar,dei veks seg høge som sedrar på Libanon.

14. Dei er planta i Herrens husog blømer i føregardane hos vår Gud.

Les hele kapitlet Salmane 92