Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 90:6-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Det blømer om morgonen, så svinn det bort.Om kvelden visnar det og tørkar inn.

7. Vi går til grunne ved din vreide,redsle grip oss ved din harme.

8. Du set syndene våre framfor deg,det vi løyner, stiller du i lyset frå ditt andlet.

9. Alle våre dagar fer forbi,ved din harme går vi til grunne,åra våre er som ein sukk.

10. Vår levetid er sytti år,åtti når det er styrke til det.Dei beste åra er fulle av strev og urett.Dei går fort, og vi flyg av stad.

11. Kven kjenner styrken i din vreide?Din harme gjev grunn til å frykta deg.

12. Lær oss å telja våre dagarså vi kan få visdom i hjartet!

13. Kom tilbake, Herre! Kor lenge?Ha medynk med dine tenarar!

14. Mett oss med di miskunn om morgonenså vi kan jubla og gleda oss alle våre dagar.

15. Gled oss like lenge som du har kua oss,like mange år som vi har lide vondt.

16. Lat di gjerning bli synleg for dine tenarar,din herlegdom for deira born!

Les hele kapitlet Salmane 90