Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 90:3-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Du lèt mennesket bli til støv attog seier: «Menneskeborn, vend attende!»

4. For tusen år er i dine augesom dagen i går då han fór framom,eller som ei nattevakt.

5. Du skyl dei vekk som ein søvn om morgonen.Dei er lik graset som svinn bort.

6. Det blømer om morgonen, så svinn det bort.Om kvelden visnar det og tørkar inn.

7. Vi går til grunne ved din vreide,redsle grip oss ved din harme.

8. Du set syndene våre framfor deg,det vi løyner, stiller du i lyset frå ditt andlet.

Les hele kapitlet Salmane 90