Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 90:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei bøn av gudsmannen Moses.Herre, du har vore ein bustad for ossi slekt etter slekt.

2. Før fjella vart fødde,før jorda og verda vart til,frå æve til æve er du, Gud.

3. Du lèt mennesket bli til støv attog seier: «Menneskeborn, vend attende!»

4. For tusen år er i dine augesom dagen i går då han fór framom,eller som ei nattevakt.

5. Du skyl dei vekk som ein søvn om morgonen.Dei er lik graset som svinn bort.

6. Det blømer om morgonen, så svinn det bort.Om kvelden visnar det og tørkar inn.

7. Vi går til grunne ved din vreide,redsle grip oss ved din harme.

8. Du set syndene våre framfor deg,det vi løyner, stiller du i lyset frå ditt andlet.

9. Alle våre dagar fer forbi,ved din harme går vi til grunne,åra våre er som ein sukk.

10. Vår levetid er sytti år,åtti når det er styrke til det.Dei beste åra er fulle av strev og urett.Dei går fort, og vi flyg av stad.

11. Kven kjenner styrken i din vreide?Din harme gjev grunn til å frykta deg.

Les hele kapitlet Salmane 90