Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 9:11-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg. Herre, du forlèt ikkje dei som søkjer deg.

12. Syng for Herren, han som bur på Sion,fortel om hans gjerningar mellom folka!

13. Han som straffar drap, gløymer ikkje;han hugsar dei hjelpelauses skrik.

14. Ver meg nådig, Herre!Sjå kor uvenene mine plagar meg.Du fører meg opp frå dødens portar

15. så eg kan lovprisa deg i Sions portar.Eg vil jubla over di frelse!

16. Folka fell i den grava dei grov,føtene blir fanga i garnet dei sjølve spente ut.

17. Herren gjev seg til kjenne, han kjem med rettferd.I sine eigne gjerningar blir den lovlause fanga. Higgajon. Sela

18. Dei lovlause skal fara til dødsriket,alle folkeslag som gløymer Gud.

19. Den fattige blir ikkje gløymd for alltid,dei hjelpelause er ikkje for alle tider utan von.

20. Reis deg, Herre!Lat ikkje menneske få makta,lat folka få sin dom for ditt andlet.

21. Fyll dei med redsle, Herre!Lat folka skjøna at dei berre er menneske. Sela

Les hele kapitlet Salmane 9