Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 89:41-53 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

41. Du har rive ned alle hans murar,lagt borgene hans i grus.

42. Dei plyndrar han, alle som fer framom,han har vorte til spott for sine grannar.

43. Du gjev motstandarane sigerog gjer alle hans fiendar glade.

44. Hans kvasse sverd har du trekt tilbake,du heldt han ikkje oppe i striden.

45. Du har gjort ende på hans glansog slengt trona hans til jorda.

46. Du har korta hans ungdoms dagarog sveipt han i skam. Sela

47. Kor lenge, Herre?Vil du løyna deg for alltid?Kor lenge skal din harme brenna som eld?

48. Kom i hug at livet mitt er kort!Var det fåfengt at du skapte alle menneske?

49. Kven lever utan å sjå døden,kven bergar livet frå dødsrikets vald? Sela

50. Herre, kvar er di miskunn som du viste oss før,den du svor David i din truskap?

51. Herre, kom i hug spotten mot dine tenarar,den eg har fått i fanget frå mange folk.

52. For dine fiendar spottar, Herre,dei spottar den du har salva, kvar han går.

53. Velsigna er Herren til evig tid!Amen! Ja, amen!

Les hele kapitlet Salmane 89