Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 89:34-47 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Men eg skal ikkje ta mi miskunn frå hanog ikkje svikta min truskap.

35. Eg vil ikkje vanhelga mi pakt,ikkje endra orda frå min munn.

36. Éin gong for alle har eg svore:Så sant eg er heilag,eg vil aldri lyga for David.

37. Hans ætt skal vara til evig tid,hans trone skal stå som sola framfor meg.

38. Ho skal stå fast for evig som månen,det trufaste vitnet i skya.» Sela

39. Men du har støytt bort den du har salva,du vraka han og vart harm på han.

40. Du har gjort om inkje pakta med din tenar,vanhelga hans krone i støvet.

41. Du har rive ned alle hans murar,lagt borgene hans i grus.

42. Dei plyndrar han, alle som fer framom,han har vorte til spott for sine grannar.

43. Du gjev motstandarane sigerog gjer alle hans fiendar glade.

44. Hans kvasse sverd har du trekt tilbake,du heldt han ikkje oppe i striden.

45. Du har gjort ende på hans glansog slengt trona hans til jorda.

46. Du har korta hans ungdoms dagarog sveipt han i skam. Sela

47. Kor lenge, Herre?Vil du løyna deg for alltid?Kor lenge skal din harme brenna som eld?

Les hele kapitlet Salmane 89