Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 89:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein læresalme av esrahitten Etan.

2. Eg vil alltid syngja om Herrens miskunn,frå slekt til slekt skal min munn gjera din truskap kjend.

3. Eg seier: Miskunn blir bygd for evig,din truskap er grunnfest i himmelen.

4. «Eg gjorde ei pakt med min utvalde,svor ein eid til David, min tenar:

5. Eg grunnfester di ætt til evig tid;eg vil byggja di trone frå slekt til slekt.» Sela

6. Himmelen prisar dine under, Herre,forsamlinga av dei heilage prisar din truskap.

7. For kven i skyene er Herrens like,kven mellom gudesøner er som Herren,

8. ein stor og skremmande Gud i rådet av dei heilage,meir verd å frykta enn alle som omgjev han?

Les hele kapitlet Salmane 89