Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 88:4-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Mitt liv er fylt av ulukker,eg står ved dødsrikets rand.

5. Eg blir rekna til dei som har gått i grav,eg er som ein mann utan kraft.

6. Eg er forlaten mellom dei døde,lik falne som ligg i grav.Du kjem dei ikkje lenger i hug,dei er støytte bort frå di hand.

7. Du har lagt meg i hòla der nede,i det mørke djupet.

8. Din harme kviler tungt på meg,du lèt dine brotsjøar slå over meg. Sela

9. Du har drive venene mine bortog fylt dei med avsky for meg.Eg er stengd inne, eg kjem ikkje ut,

10. auget veiknar i mi naud. Herre, eg ropar til deg kvar dag,eg retter hendene ut mot deg.

11. Gjer du under for dei døde,står daudingar opp og prisar deg? Sela

12. Fortel dei om di miskunn i grava,om din truskap i avgrunnen?

13. Blir dine under kjende i mørkret,di rettferd i det gløymde landet?

14. Eg ropar til deg, Herre,kvar morgon kjem mi bøn fram for deg.

15. Kvifor støyter du meg bort, Herre,kvifor løyner du andletet for meg?

16. Frå ungdomen av har eg vore hjelpelaus, ja, døden nær.Du fyller meg med redsle, eg er rådvill.

17. Din harme slår over meg,dine redsler gjer ende på meg.

18. Dei er omkring meg som vatn heile dagen,alle saman omringar meg.

19. Du har drive vener og frendar bort frå meg,mine kjenningar er borte i mørkret.

Les hele kapitlet Salmane 88