Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 88:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein song. Ein salme av Korah-songarane. Til korleiaren. Etter «Mahalat leannot». Ein læresalme av esrahitten Heman.

2. Herre, du Gud som frelser meg,eg ropar til deg dag og natt.

3. Lat mi bøn nå fram til deg,vend øyret til mitt rop!

4. Mitt liv er fylt av ulukker,eg står ved dødsrikets rand.

5. Eg blir rekna til dei som har gått i grav,eg er som ein mann utan kraft.

6. Eg er forlaten mellom dei døde,lik falne som ligg i grav.Du kjem dei ikkje lenger i hug,dei er støytte bort frå di hand.

7. Du har lagt meg i hòla der nede,i det mørke djupet.

8. Din harme kviler tungt på meg,du lèt dine brotsjøar slå over meg. Sela

Les hele kapitlet Salmane 88