Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 84:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme.

2. Kor elskelege dine bustader er, Herre Sebaot!

3. Eg lengta, ja, tærtest bort av lengseletter Herrens føregardar.No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud.

4. Sporven har funne ein heim,svala har fått seg eit reirder ho kan leggja sine ungar,ved dine altar, Herre Sebaot,min konge og min Gud.

5. Sæle er dei som bur i ditt hus,dei skal alltid lova deg. Sela

6. Sæle er dei som har sin styrke i deg,dei som lengtar etter å fara opp til tempelet.

7. Når dei fer gjennom dalen med baka-tre,gjer dei han til ei kjelde.Haustregnet legg òg si signing over han.

8. Dei går frå kraft til kraft,dei stig fram for Gud på Sion.

9. Herre, allhærs Gud, høyr mi bøn,vend øyret til, du Jakobs Gud! Sela

10. Gud, vårt skjold, vend auga hit,sjå på han du har salva!

Les hele kapitlet Salmane 84