Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 82:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein salme av Asaf.Gud står fram i gudars forsamling,midt mellom gudar held han dom:

2. Kor lenge vil de dømma med urettog halda med dei skuldige? Sela

3. Hjelp svake og farlause til deira rett,frikjenn hjelpelause og fattigfolk,

4. berg fattige og svake,fri dei frå handa til dei lovlause!

5. Dei veit ingenting, skjønar ingenting,dei ferdast i mørker,alle grunnvollar under jorda vaklar.

6. Eg har sagt: «De er gudar,søner av Den høgste er de alle.

7. Men de skal døy slik eit menneske døyr,og falla slik ein av fyrstane fell.»

8. Reis deg, Gud, hald dom over jorda,for alle folkeslag er din eigedom.

Les hele kapitlet Salmane 82