Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 81:2-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Bryt ut i jubel for Gud, vår styrke,rop av glede for Jakobs Gud!

3. Stem opp ein song, lat handtromma lyda,den yndige lyra saman med harpa.

4. Blås i horn ved nymåneog ved fullmåne, på vår høgtidsdag.

5. For det er ei forskrift i Israel,ei lov frå Jakobs Gud.

6. Han gjorde det til eit lovbod i Josefdå han drog ut frå Egypt.Eg høyrer eit språk eg ikkje kjende:

7. Eg fria hans aksel frå børa,hendene slapp å bera korga.

8. I trengsle ropa du, og eg fria deg ut;løynd i toreskya svara eg deg,ved Meriba-kjelda prøvde eg deg. Sela

9. Høyr, mitt folk, eg formanar deg!Israel, om du berre ville høyra på meg!

10. Ingen framand gud må finnast hos deg,du skal ikkje bøya deg for gudar frå framande land!

11. Eg er Herren din Gudsom førte deg opp frå Egypt.Lat opp munnen, så fyller eg han!

Les hele kapitlet Salmane 81