Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 8:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Etter Gittit. Ein salme av David.

2. Herre, vår herre,kor herleg ditt namn er over heile jorda,du som har breidd ut din glans på himmelen!

3. Frå munnen på småborn og spedbornhar du reist eit vern mot dei som står imot deg,for å gjera ende på fienden og hemnaren.

4. Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,månen og stjernene som du har sett der,

5. kva er då eit menneske – at du hugsar på det,eit menneskebarn – at du tek deg av det?

6. Du sette han lite lågare enn Gudog krona han med herlegdom og ære.

7. Du sette han til herre over det dine hender har skapt,alt la du under hans føter:

8. småfe og storfe i samla flokk,dei ville dyra på marka,

Les hele kapitlet Salmane 8