Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 79:5-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Kor lenge, Herre?Vil du vera harm for alltid?Kor lenge skal din lidenskap brenna som eld?

6. Aus vreiden utover folkeslag som ikkje kjenner deg,over kongerike som ikkje kallar på ditt namn.

7. For dei har slukt Jakobog lagt hans bustad i øyde.

8. Tilrekna oss ikkje gamle synder!Skund deg, lat di medkjensle møta oss!For vi er langt nede.

9. Hjelp oss, Gud, vår frelsar,så namnet ditt blir æra!Fri oss ut og tilgjev våre synderfor ditt namn skuld.

10. Kvifor skal folka seia:«Kvar er deira Gud?»Lat våre auge sjå og folka kjennaat du hemnar blodet frå dine tenarar.

Les hele kapitlet Salmane 79