Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 78:63-72 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

63. Elden øydde deira unge stridsmenn,jentene fekk ingen bryllaupssong.

64. Prestane deira fall for sverd,enkjene fekk ikkje gråta.

65. Då vakna Herren lik ein som har sove,lik ein stridsmann drukken av vin.

66. Han slo motstandarane sine tilbakeog gav dei evig skam.

67. Han vraka Josefs telt,han valde ikkje ut Efraims stamme.

68. Men Judas stamme valde han,og Sion-fjellet, som han elskar.

69. Han bygde sin heilagdom lik den høge himmelen,lik jorda, som han grunnla for alltid.

70. Han valde ut David,frå sauekvea henta han sin tenar.

71. Han førte han bort frå søyeneså han skulle gjeta Jakob, hans folk,og Israel, hans eigedom.

72. Han gjette dei med eit heilt hjarteog leidde dei med kunnig hand.

Les hele kapitlet Salmane 78