Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 78:48-66 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

48. Han sende hagl over feetog eld over buskapen.

49. Han sende mot dei sin brennande vreide,harme, sinne og trengsle,englar vart sende med ulukke.

50. Han bana veg for sin vreideog sparte dei ikkje for døden,men overgav deira liv til pesten.

51. Han slo alle førstefødde i Egypt,førstegrøda av krafta i Hams telt.

52. Så lét han folket sitt dra ut som sauer,i ørkenen førte han dei som ein flokk.

53. Han leidde dei trygt, dei frykta ikkje,havet skylde over fienden.

54. Han førte dei til sitt heilage land,til fjellet hans høgre hand hadde vunne.

55. Han dreiv folkeslag bort for deiog målte ut eigedom til dei med målesnor.Han lét Israels stammar flytta inn telta.

56. Men dei utfordra og trassa Gud, Den høgste,og heldt ikkje hans bod.

57. Dei drog seg tilbakeog var trulause som sine fedrar,dei svikta, lik ein boge som blir slakk.

58. Med sine offerhaugar gjorde dei han rasande,med avgudsbilete gjorde dei han sjalu.

59. Gud høyrde det og vart harm,han vraka Israel heilt og fullt.

60. Han gav opp sin bustad i Sjilo,det teltet han budde i blant menneske.

61. Han overgav si makt til fangenskap,sin glans i handa til fienden.

62. Han overgav folket sitt til sverdet,han vart harm på sin eigedom.

63. Elden øydde deira unge stridsmenn,jentene fekk ingen bryllaupssong.

64. Prestane deira fall for sverd,enkjene fekk ikkje gråta.

65. Då vakna Herren lik ein som har sove,lik ein stridsmann drukken av vin.

66. Han slo motstandarane sine tilbakeog gav dei evig skam.

Les hele kapitlet Salmane 78