Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 78:37-57 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. Hjartet heldt ikkje fast ved han,dei var ikkje trufaste mot hans pakt.

38. Men han var miskunnsam,han tilgav synda og øydela dei ikkje.Gong på gong heldt han att sin vreideog sleppte ikkje all sin harme laus.

39. Han kom i hug at dei var av kjøt og blod,vind som fer av stad og ikkje vender attende.

40. Kor ofte trassa dei han ikkje i ørkenen!I øydemarka gjorde dei han sorg.

41. Stadig sette dei Gud på prøveog krenkte Israels Heilage.

42. Dei hugsa ikkje at han greip innden dagen han fria dei frå fienden,

43. då han viste sine teikn i Egypt,sine underfulle verk på markene ved Soan.

44. Han gjorde elvane til blod,ingen kunne drikka av bekkene.

45. Han sende insekt som åt dei,og frosk som øydela.

46. Han lét grashoppa gnaga opp avlinga,grashoppesvermen fekk grøda.

47. Han øydela vinstokkane med haglog morbærtrea med frost.

48. Han sende hagl over feetog eld over buskapen.

49. Han sende mot dei sin brennande vreide,harme, sinne og trengsle,englar vart sende med ulukke.

50. Han bana veg for sin vreideog sparte dei ikkje for døden,men overgav deira liv til pesten.

51. Han slo alle førstefødde i Egypt,førstegrøda av krafta i Hams telt.

52. Så lét han folket sitt dra ut som sauer,i ørkenen førte han dei som ein flokk.

53. Han leidde dei trygt, dei frykta ikkje,havet skylde over fienden.

54. Han førte dei til sitt heilage land,til fjellet hans høgre hand hadde vunne.

55. Han dreiv folkeslag bort for deiog målte ut eigedom til dei med målesnor.Han lét Israels stammar flytta inn telta.

56. Men dei utfordra og trassa Gud, Den høgste,og heldt ikkje hans bod.

57. Dei drog seg tilbakeog var trulause som sine fedrar,dei svikta, lik ein boge som blir slakk.

Les hele kapitlet Salmane 78