Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 78:29-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Dei åt seg meir enn mette,han gav dei det dei hadde lyst på.

30. Men før dei hadde snudd seg bort frå det,medan dei enno hadde mat i munnen,

31. då reiste Guds vreide seg mot dei.Dei kraftigaste blant dei drap han,Israels unge menn tvinga han i kne.

32. Likevel heldt dei fram med å syndaog leit ikkje på hans underfulle verk.

33. Så lét han deira dagar enda i ein pust,deira leveår i redsle.

34. Når han drap, søkte dei han,dei vende om og leita etter Gud.

35. Dei kom i hug at Gud er deira berg,at Gud, Den høgste, er deira utløysar.

36. Likevel narra dei han med munnen,dei laug for han med tunga.

37. Hjartet heldt ikkje fast ved han,dei var ikkje trufaste mot hans pakt.

38. Men han var miskunnsam,han tilgav synda og øydela dei ikkje.Gong på gong heldt han att sin vreideog sleppte ikkje all sin harme laus.

39. Han kom i hug at dei var av kjøt og blod,vind som fer av stad og ikkje vender attende.

40. Kor ofte trassa dei han ikkje i ørkenen!I øydemarka gjorde dei han sorg.

Les hele kapitlet Salmane 78