Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 78:14-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Om dagen leidde han dei i ei sky,heile natta i ein lysande eld.

15. Han kløyvde berga i øydemarkaog lét dei drikka som frå det store djupet.

16. Han lét bekker strøyma fram or fjellet,lét vatnet renna ned som elvar.

17. Men dei heldt fram med å synda mot han,dei trassa Den høgste i det tørre landet.

18. Dei sette Gud på prøve i sitt hjartedå dei kravde mat til seg sjølve.

19. Dei tala mot Gud.Dei sa: «Kan Gud dekkja bord i ørkenen?

20. Vel slo han på berget så vatnet rannog bekkene fløymde fram.Men kan han òg skaffa brødeller sørgja for kjøt til sitt folk?»

21. Då Herren høyrde det, vart han harm.Ein eld braut ut mot Jakob,vreide reiste seg mot Israel

22. fordi dei ikkje stola på Gudog leit på hans frelse.

23. Han gav bod til skyene i det høgeog opna himmelens dører,

24. han lét manna regna over dei til føde,han gav dei korn frå himmelen.

25. Englebrød fekk menneska eta.Gud sende mat, og dei vart mette.

26. Han lét austavinden fara ut frå himmelen,førte sønnavinden fram ved si makt.

27. Han lét kjøt regna ned over dei som støv,fuglar så mange som havsens sand.

Les hele kapitlet Salmane 78