Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 78:1-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein læresalme av Asaf.Lytt, mitt folk, til mi lov,vend øyra til orda frå min munn!

2. Eg vil opna munnen og tala i bilete,la gåter frå gammal tid strøyma fram.

3. Det vi har høyrt og kjenner til,det fedrane våre har fortalt oss,

4. det løyner vi ikkje for deira born.For neste slektsleddvil vi lovprisa Herren,hans velde og det underfulle han har gjort.

5. Han sette opp lovbod i Jakob,gav ei lov i Israelsom han baud våre fedrargjera kjend for sine born,

6. så neste slektsledd,dei born som sidan vart fødde,skulle læra lova å kjenna.Dei skulle stå framog kunngjera henne for sine born,

7. så dei kunne setja si lit til Gudog ikkje gløyma Guds gjerningar,men halda hans bod.

8. Dei skulle ikkje bli som sine fedrar,ei slekt som var trassig og opprørsk,ei slekt som ikkje gjorde hjartet fastog ikkje var trufast mot Gud i si ånd.

9. Efraim-folket, væpna med bogar,snudde på stridens dag.

10. Dei heldt ikkje Guds paktog nekta å følgja hans lov.

11. Dei gløymde hans gjerningar,dei underfulle verk han hadde synt dei.

12. Han gjorde under for deira fedrari Egypt, på markene ved Soan.

13. Han kløyvde havet og førte dei overmedan han lét vatnet stå som ein voll.

14. Om dagen leidde han dei i ei sky,heile natta i ein lysande eld.

15. Han kløyvde berga i øydemarkaog lét dei drikka som frå det store djupet.

16. Han lét bekker strøyma fram or fjellet,lét vatnet renna ned som elvar.

17. Men dei heldt fram med å synda mot han,dei trassa Den høgste i det tørre landet.

Les hele kapitlet Salmane 78