Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 77:10-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Har Gud gløymt å vera nådig,har han late att hjartet i vreide? Sela

11. Eg seier: «Dette plagar meg:høgre handa til Den høgsteer ikkje lenger den same.»

12. Eg minnest Herrens verk,minnest dine under frå gammal tid.

13. Eg grundar på alt du gjorde,og grublar over dine storverk.

14. Gud, i heilagdom går du fram.Kven er ein gud så stor som vår Gud?

15. Du er den Gud som gjer under,mellom folka lèt du di makt bli kjend.

16. Med sterk arm løyste du folket ditt ut,sønene til Jakob og Josef. Sela

17. Vatnet såg deg, Gud,vatnet såg deg og skalv,det store djupet bivra.

18. Skyene auste ut vatn,det torna frå tunge skyer,pilene dine lynte att og fram.

19. Di torerøyst rulla i stormen,lyna lyste opp verda.Jorda riste og skalv.

20. Din veg gjekk gjennom sjøen,din stig gjennom veldige vatn.Ingen kjende dine fotspor.

21. Ved handa til Moses og Aronførte du folket ditt som ein flokk med sauer.

Les hele kapitlet Salmane 77