Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 77:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Etter Jedutun. Av Asaf. Ein salme.

2. Eg ropar til Gud, eg skrik.Eg ropar til Gud, og han høyrer meg.

3. Den dagen eg er i naud, søkjer eg Herren.Om natta retter eg handa ut,ho trøytnar ikkje.Mi sjel lèt seg ikkje trøysta.

4. Eg tenkjer på Gud og sukkar,eg grublar, og mi ånd veiknar. Sela

5. Du held auga mine opne,eg er uroleg, eg kan ikkje tala.

6. Eg tenkjer på gamle dagar,minnest framfarne år.

7. Om natta tenkjer eg på dette,hjartet grublar, ånda granskar.

8. Vil Herren støyta oss bort for alltidog ikkje lenger vera god mot oss?

9. Er hans miskunn slutt for evig,er ordet hans borte for alle slekter?

10. Har Gud gløymt å vera nådig,har han late att hjartet i vreide? Sela

11. Eg seier: «Dette plagar meg:høgre handa til Den høgsteer ikkje lenger den same.»

12. Eg minnest Herrens verk,minnest dine under frå gammal tid.

13. Eg grundar på alt du gjorde,og grublar over dine storverk.

14. Gud, i heilagdom går du fram.Kven er ein gud så stor som vår Gud?

15. Du er den Gud som gjer under,mellom folka lèt du di makt bli kjend.

Les hele kapitlet Salmane 77