Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 76:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Med strengespel. Ein salme av Asaf. Ein song.

2. Gud er kjend i Juda,hans namn er stort i Israel.

3. I Salem er hans hytte reist,på Sion står hans bustad.

4. Der braut han sund lynande piler,krigens våpen, skjold og sverd. Sela

5. Du er strålande og herleg,meir enn dei evige fjell.

6. Modige menn vart plyndra.Kvar krigar hadde sovna inn,ingen kunne lyfta ei hand.

7. Hest og ryttar fall i uvitdå du truga, Jakobs Gud.

8. Du er den som alle må frykta.Kven kan stå for ditt andletnår du blir vreid?

9. Frå himmelen kunngjorde du din dom.Jorda frykta og tagde

10. då Gud stod opp for å dømma,for å frelsa alle hjelpelause på jord. Sela

11. Sjølv harmen frå menneske blir til lovsong for deg,harmen endar med høgtid.

Les hele kapitlet Salmane 76