Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 75:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein salme av Asaf. Ein song.

2. Gud, vi prisar og takkar deg.Vi kallar på ditt namnog fortel om dine underfulle verk.

3. «Eg har fastsett ei tiddå eg skal halda rettferdig dom.

4. Jorda og alle som bur der, kan vakla,men eg har gjort hennar søyler faste.» Sela

5. Eg sa til dei som skryter: «Skryt ikkje!»og til dei urettferdige: «Kneis ikkje med horna!

6. Lyft ikkje horna mot det høge,gjer ikkje nakken bratt og talen frekk!»

7. For i aust og i vest og i ørkenener det er ingen som kan reisa opp.

8. Men det er Gud som dømmer.Éin bøyer han ned, og éin reiser han opp.

9. Herren har eit beger i handamed skummande, krydra vin.Han skjenkjer i av vinen,og alle urettferdige på jorda må drikka,jamvel botnfallet må dei tømma.

Les hele kapitlet Salmane 75