Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 72:2-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Han skal dømma ditt folk med rettferd,dine hjelpelause med lov og rett!

3. Fjella skal gje folket fredog haugane bera rettferds frukt.

4. Han skal la dei verjelause i folket få sin rett,han skal berga dei fattige.Undertrykkjaren skal han knusa.

5. Lat han leva frå slekt til slekt,så lenge sol og måne er til!

6. Han skal koma som regn på nyslegen eng,lik ei regnskur som vatnar jorda.

7. Rettferd skal spira i hans dagarog freden vera stor til månen forgår.

8. Han skal styra frå hav til hav,frå Storelva til heimsens endar.

9. Dei som bur i ørkenen,skal bøya seg for han,fienden skal slikka støvet.

10. Kongar frå Tarsis og fjerne strenderskal senda skatt til han.Kongane i Saba og Sebaskal koma med gåver.

11. Alle kongar skal kasta seg ned for han,alle folkeslag skal tena han.

12. Han bergar ein fattig som ropar,ein stakkar som ingen hjelper.

13. Han bryr seg om fattige og veike,han bergar livet til dei fattige.

Les hele kapitlet Salmane 72