Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 71:9-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Kast meg ikkje bort i alderdoms år,forlat meg ikkje når kreftene tek slutt!

10. Fiendane mine talar om meg,dei som står meg etter livet, held råd.

11. Dei seier: «Gud har forlate han.Jag han og grip han!Det er ingen som bergar han.»

12. Ver ikkje langt borte frå meg, Gud.Min Gud, skund deg og hjelp meg!

13. Lat dei som set fram klagemål mot meg,bli til skamme og gå til grunne.Lat dei som søkjer mi ulukke,bli dekte av vanære og skam!

14. Men eg vil alltid venta med von,eg vil leggja min lovsong til all lovsong du får.

15. Min munn skal fortelja om di rettferd,dagen lang om di frelse,endå dine gjerningar ikkje kan teljast.

16. Eg vil tala om Herren Guds storverk,forkynna di rettferd, di åleine.

17. Gud, frå eg var ung, har du lært meg opp.Framleis fortel eg om dine under.

18. Gud, forlat meg ikkjesjølv når eg blir gammal og grå,lat meg tala om di krafttil heile den slekta som kjem.Ditt velde

19. og di rettferd, Gud,når til det høgste.Du som har gjort så store ting,Gud, kven er som du?

20. Trengsler og ulukkerlét du meg sjå,men du vekkjer meg til liv på nytt,og du lyfter meg opp attfrå djupa under jorda.

21. Gjev meg min stordom tilbake,vend deg til meg og trøyst meg!

22. Så vil eg prisa deg til harpespel,prisa din truskap, min Gud.Eg vil syngja for deg og spela på lyre,du Israels Heilage.

Les hele kapitlet Salmane 71